Vi tilbyr ubemanna utleige av lokale, noko som gir deg fleksibilitet til å utforme ditt arrangement akkurat slik du sjølv vil. Lokala eignar seg godt til selskap, øvingshelger, menighetsweekend o.l.

Senteret består av eit hovudbygg og fire hytter.

I hovudbygget er det møtesal, peisestove, matsal og kjøkken. Utanfor matsalen har vi ein stor veranda med panoramautsikt over den nydelege fjorden. I matsalen er det plass til rundt 70 gjestar. Møtesal og peisetove rommar til saman opptil 100 gjestar til festdekka bord.

Vi har 57 sengeplassar fordelt på 4 hytter. Kvar hytte har dusj og toalett, enkel standard.

Vårt store uteområde gir mogleik for varierte aktivitetar. Vi har blant anna klatrevegg, fotballbane, BMX-syklar, kanoar og motorbåtar.      


  Prisar:

 

  • leige av hovudbygget: 3000kr/døgn. 
  • leige per hytte: 750kr/natt.
  • evt. pynting frå kl. 16 dagen før: 500kr

 

* Prisane gjeld ubemanna utleige der leigetakar vaskar ut etter seg sjølv.   

Ta kontakt for meir informasjon. 

 

Takk for at me fekk leige dykkar flotte lokale, feiringa vart perfekt!
— Nøgd gjest