FEM GODE GRUNNAR TIL Å BLI MED PÅ LEIR:

Rjånes Ungdomssenter – ein samlingsplass for alle der dei kan møte Jesus og kvarandre


1 - Ei helg med Jesus i sentrum

2 - Treffe gamle og nye vener

3 - Morosame aktivitetar dagen lang

4 - Sove på rom saman

5 - Kule leiarar som gler seg til å bli kjend med deg!  


Det er Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) som eig leirstaden og som arrangerar leirane. Vi har ulike typar leirar som aktivitetsleir, villmarksleir, påskeleir, korhelger o.s.v. i ulike aldersklasser. Felles for alle leirane er at vi ynskjer at Jesus skal vere i sentrum, og at fleire kan få bli kjend med han!

Vi har eit stort uteområde med mogleik for varierte aktivitetar. Leirplassen ligg nært innpå storslott natur med flotte fjell! Fjorden ligg berre eit par hundre meter ifrå oss, med badestrand og svaberg som brukast flittig på sommarleirane. Vi har òg eit naust med kanoar og to motorbåtar.   

 

Med på leirane er flinke og erfarne leiarar som gler seg til å bli kjend med deg. Påmelding og meir informasjon om dei konkrete leirane får du ved å klikke på denne linken.

 

 

 

Komande leirar:

KRASP Sør øvingshelg 6. - 9. klasse, 10. - 12. mars

Påskeleir 1. - 4. klasse, 31. mars - 2. april

Heilt konge leir 1. - 4. klasse, 9. - 11. juni

Spinnvill leir 5. - 7. klasse, 16. - 18. juni

Topp 3 leir, 8. - 10. september

Gull og piratleir 1.- 4. klasse, 15. - 17. september

KRASP Sør øvingshelg 6. - 9. klasse, 22. - 24. september

BBB-leir, 21. - 22. oktober

KRASP Sør Øvingshelg 6. - 9. klasse, 10. - 12. november

Julegåveleir 1. - 4. klasse, 17. - 19. november

Kule-jule-leir 5. - 7. klasse, 1. - 3. desember

 

 

 

 

 

Komande leirar:
Krasp.jpg
Hytte innvendig.jpg
sjøen.jpg